Skal du mellom Førde og Bergen tysdag? Då må du bu deg på venting fleire stader

STOPP: Det er manuell dirigering på E39 grunna elektrisk arbeid i Noreviktunnelen tysdag. Her kan det bli opptil 20 minutt ventetid, men det er ikkje einaste ventetida du kan møte om du skal mellom Førde og Bergen.

STOPP: Det er manuell dirigering på E39 grunna elektrisk arbeid i Noreviktunnelen tysdag. Her kan det bli opptil 20 minutt ventetid, men det er ikkje einaste ventetida du kan møte om du skal mellom Førde og Bergen. Foto:

Elektrisk arbeid i Noreviktunnelen og asfaltarbeid kort veg unna kan gi opptil ein halvtime ventetid.

DEL

Tysdag morgon er det inntil 20 minutt venting grunna elektrisk arbeid i Noreviktunnelen på E39 mellom Vadheim og Lavik.

Dette vedlikehaldsarbeidet er meint å vare frå 07.00 til 16.30 denne dagen.

Vegvesenet oppfordrar til å vente på ledebil, men opplyser at utrykningskøyretøy kan passere.

Kort veg etterpå, ved Alværvika på E39 er det også manuell dirigering. Her blir det lagt asfalt, og ved Vegtrafikksentralen Vest får Firda opplyst at arbeidet starta måndag og skal vare både tyrsdag og torsdag fra 07.00 til 20.00. Ventetida ein vil oppleve i dette tidsrommet vil vere om lag 10 minutt.

Skal du mellom Førde og Bergen denne tysdagen kan det med andre ord bli inntil 30 minutt ekstra ventetid.

Sjå statusar for alle vegane i fylket her.

ASFALTARBEID: Denne asfaltfresen kan dei vegfarande treffe på vest for Rå på E39 mellom Vadheim og Lavik tysdag og torsdag denne veka.

ASFALTARBEID: Denne asfaltfresen kan dei vegfarande treffe på vest for Rå på E39 mellom Vadheim og Lavik tysdag og torsdag denne veka. Foto:

Artikkeltags