Måndag vart det klart at Bergen Carbon Solutions AS vil lage sin første fabrikk i Høyanger.

Selskapet driv med produksjon av karbon-nanofiber, eit materiale som er sterkare enn stål men lettare enn plast. Det kan bli brukt i alt frå batteriteknologi til byggmateriale. Dei produserer karbon-nanofiber av Co₂, som er ein av dei mest potente drivhusgassane.

Frå børsmeldinga kjem det fram at dei vil nytte eksisterande fasilitetar i Høyanger, heller enn å bygge nytt. Frå produksjonen startar opp, som er venta å vere i midten av 2023, vil dei gradvis skalere opp produksjonen til 160 tonn. Dette reknar dei skal ta inntil eit år.

Styret i Bergen Carbon Solutions AS reknar med ei totalinvestering på 325 millionar kroner.

Firda kjem tilbake med meir.