– Vi ønska å vite kvar skoen trykker i høve berekraft for bedrifter i regionen, motivasjonen deira, om dei rapporterer og kva utfordringar dei har i høve berekraft, fortel Anne Mette Hjelle i selskapet Ymsir AS.
I sommar vart behovet for berekrafttenking særs tydeleg. Då trådde den nye openheitslova i kraft, der større bedrifter vart pålagde ved lov om å jobbe med berekraft.
Openheitslova
1. juli trådde openheitslova i kraft. Den gir verksemder plikt til å utføre vurderingar av aktsemd for å stanse, førebygge og avgrense negative konsekvensar på menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.
Per no gjeld lova i utgangspunktet berre verksemder som oppfyller to av følgande kriterium:
- Salsinntekt på over 70 millionar kroner
- Balansesum på over 35 millionar kroner
- Gjennomsnittleg tal på tilsette i rekneskapsåret er over 50
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/no-trer-openheitslova-i-kraft/id2921398/
Hjelle seier dei såg for seg at mange bedrifter i Sunnfjord jobbar godt i tråd med FN sine berekraftsmål, men at dei ikkje har vore like gode til å rapportere og kommunisere dette ut.
16 av 20 bedrifter som svarte jobbar aktivt med berekraft i dag. 7 av dei hadde ikkje rapportert og 5 rapporterer for første gang.
– Det er på ingen måte eit representativt utval, men det gav verdifull innsikt, seier Hjelle.
Lovkrav
Sjølv om små bedrifter ikkje er omfatta av lovkravet, bør dei ta det innover seg.
– Bedrifter som kan dokumentere at dei jobbar med berekraft står betre rusta til å overleve, i ein stadig tøffare marknad. Det er berre eit spørsmål om tid før krava omfattar alle, seier Hjelle.
Til dagen jobbar Espeland i selskapet Vestind AS, som driv med rådgiving retta mot vekstselskap på Vestlandet. Ho er også ein del av investormiljøet i Peak Sunnfjord.
– Alt no rislar krava nedover. Utan fokus på berekraft vil ein slite med å få folk til å ta styreverv, med rekruttering, med å få kundar og med å vere leverandør til større bedrifter, seier Espeland.
Er du leverandør til større selskap, eller skal søke prosjektmidlar frå stiftingar og fylkeskommunar, blir du no nemleg møtt med forventingar om å ha eit fornuftig forhold til berekraft.
– I dag via gulrot, i framtida meir med pisk, seier Hjelle.
Du treng ikkje vere idealist for å jobbe med berekraft
– Kva er det mest interessante poenget de fann?
– Motivasjonen for å jobbe med berekraft. Svara viser at du ikkje treng å vere idealist for å jobbe med berekraft, seier Hjelle.
Ho fortel at berekraft bør ligge i botnen for alt no: Som bedrift skal du tene pengar, men måten du tener dei på bør støtte berekraftsmål.
– Mange bedrifter ser at berekraft er klokt økonomisk, og lønsamt i eit lenger perspektiv, seier ho.
Berekraft handlar om både klima og miljø, menneske og økonomi. Alt heng saman med alt. Hjelle har prata med bedriftsleiar Trine Lerum Hjellhaug i Lerum om dette.
– For ho er berekraft summen av alt dei driv med – og lønsamt. Å skape verdiar og arbeidsplassar i Distrikts-Norge er kanskje det viktigaste målet for det. Ho tenker enkelt, og ho er ei tydeleg og god stemme for det vi trur på, slår Hjelle fast.
Innsamling av gode data er ei utfordring
Mange av bedriftene oppgir det å samle gode data å rapportere på som den store utfordringa. Det forstår Hjelle.
– Før var rapportering av berekraft «prosatekstar». No er det også tal: Ein skal sette seg mål, talfeste dei og samle data som ein kan samanlikne frå år til år, seier ho.
Det kan vere ein krevjande prosess, sidan det kan bety å måtte hente inn eit breitt spekter av data, også frå leverandørar.
– Det er nok ein stor jobb for enkelte, spesielt i starten og det tek tid, men vi må ikkje gjere dette så farleg. Det viktigaste er å komme i gang med det ein har, seier ho.
Hjelle seier at mange har meir på plass enn dei trur. Då handlar det om å systematisk kartlegge dette, og tore å sjå seg sjølv utanfrå.
– Mange har jobba godt og er komne langt. Andre har stort potensial for å heve seg raskt, seier Hjelle.
Ho trekker fram Sparebanken Sogn og Fjordane som ei lokal bedrift som byrja i det små.
– No har dei ei berekraftsrapportering på eit svært høgt nivå. Lerum jobbar også godt med dette. Begge er større bedrifter og ikkje alle treng å gjere det i same omfang. Ein må tilpasse innsatsen til bedrifta sin storleik og kontekst, seier ho.
Hjelle jobbar med styrearbeid og rådgiving knytt til berekraft, kommunikasjon og digitalisering. Ho er også investor, og fortel at der er det stor merksemd på berekraft.
– Utan eit bevisst forhold til berekraft ramlar du av i første runde. Tibber har jobba med dette i mange år. Det trur eg er ein av årsakene til at dei har fått store investorar på plass, seier ho.
– Ein ser også at investorar som set pengar i ulike fond, til dømes, krev at fondsforvaltarane har berekraftsfokus, seier Espeland.
– Kvifor er investorar så opptekne av berekraft?
– Svaret er enkelt: Fordi eg trur alle bedrifter, også små og mellomstore, må ha jobbe med berekraft framover, for å overleve i det lange løp, seier Espeland.
–Kom i gang
Hjelle og Espeland seier at same kva bransje du er i, så er det eit forventing om, frå både forbrukarar og myndigheiter, til å til å ta berekraft på alvor, til å vere opnare og kommunisere ut. Dei deler eit råd:
– Alle har ei rolle i å bidra til eit berekraftig samfunn. Også dei små. Så kom i gang! Tenk enkelt: Kva har du, kva manglar du? Kva er vesentleg?
Hjelle og Espeland byrja å jobbe med rådgiving i høve berekraftsmål i 2021. Målet er å vere ein sparring-partner for bedrifter.
– Mange ønskjer å jobbe med berekraft, men det kan vere ein bøyg å komme i gang. Spesielt rapporteringsdelen. Vår motivasjon er å hjelpe selskap i gang, seier Hjelle.
– Vårt misjon er enkel: Få små og mellomstore bedrifter til å byrje med berekraftsarbeid, seier Espeland.
– Vi deler eit brennande engasjement for at lokale bedrifter skal lykkast. Både i høve berekraftsmål og nye krav, og at dei skal overleve i stadig hardare konkurranse. Då må berekraft på plass, seier Hjelle

Snart kan du utdanne deg til sivilingeniør i Førde
Eitt selskap konkurs i Førde og nytt entreprenørselskap i Askvoll
