Beredskapssjef Terje Olav Øen: – Vi har vel 30 respiratorar klare

PLANLEGG: Beredskaspssjef Terje Olav Øen planlegg for å utnytte Helse Førde sine repsiratorar maksimalt, om det skulle bli naudsynt.

PLANLEGG: Beredskaspssjef Terje Olav Øen planlegg for å utnytte Helse Førde sine repsiratorar maksimalt, om det skulle bli naudsynt. Foto:

Helse Førde rår over litt over 30 respiratorar som vil bli samla på sjukehuset i Førde, dersom ein treng det, seier beredskapssjef Terje Olav Øen.

DEL

I eit scenario helsestyresmaktene jobbar med, anslår ein at i løpet av Corona-epidemien vil så mange som 22 000 måtte leggast inn på sjukehus, og at 5500 av disse kan trenge intensivbehandling. I dette scenariet vil 1700 vere på sjukehus når epidemien når toppen, og 600 av disse vil trenge intensivbehandling, skriv Aftenposten i dag.

Dette er tal for heile landet. Rundt to prosent av innbyggarane i Norge bur i Helse Førde sitt nedslagsfelt. Held ein seg til helsestyresmaktene sitt scenario, vil det bety at ein må rekne med at det i dette området vil bli 440 pasientar som treng sjukehusbehandling, og at 100 av desse vil trenge intensivbehandling i respirator. Under epidemiens topp vil (ifølge scenariet) 34 pasientar i Sogn og Fjordane vere innlagt, og ti av desse trenge respiratorbehandling.

Ingen veit

Men det er eit tenkt scenario. Korleis, og kor raskt epidemien utviklar seg, er det ingen som veit.

– Vi veit at vi har tilgang til vel 30 respiratorar, inkludert dei som står på Nordfjordeid og i Lærdal. Blir det naudsynt, kjem vi til å flytte alle til Førde, der vi ønsker å samle desse pasientane. Vi har no gått over det arealet som kan bli aktuelt å setje av til slik behandling, dersom situasjonen oppstår, og vi må handtere den.

Ein ser og på korleis ein kan auke talet helsepersonell som kan ta del i behandling med respiratorar:

– Utstyr er ein ting, eingongsutstyr er ein annan ting, det meiner vi vi har bra tilgang på, men personell er ein tredje faktor, og den har vi lite kunnskap om no. Både fordi vi ikkje veit kor mange pasientar vi kan risikere å få inn på ein gong, og fordi helsepersonell kan bli smitta og sjuke dei og. Det kan like godt skje med helsepersonell som med andre.

– Vel så godt, kanskje?

– I Italia var det ein del helsepersonell som vart sjuke, men det var fordi dei ikkje visste at pasientane var smitta i starten. Vi veit det, og vi sikrar oss mot smitte i den grad det er mogeleg.

Trur alle får behandling

– Dersom epidemien får ein brå og stor topp, kan det hende at pasientar som treng respiratorbehandling rett og slett ikkje får det, og døyr av den grunn?

– Eg tvilar på det, ut frå dei vurderingane vi har gjort. Helseføretaka vil komme til å hjelpe kvarandre på tvers, slik at dei som har ledig kapasitet, hjelper dei som er sprengt. Det er ikkje sikkert toppane blir like over heile landet. Det er skilnader på tal smitta i ulike område allereie.

– Får ein plass til alle som treng sjukehusplass?

– Det er og eit spørsmål som avheng av mange usikre faktorar. Eit mål er at kommunane skal ta seg av dei pasientane som ikkje treng sjukehusbehandling, ved å samle dei i eigne lokale der det berre er pasientar som har same smitte. Mange vil også kunne vere heime.

Corona-avdeling på samfunnshus

– Å sette av heile avdelingar på sjukeheimar, altså?

– Det kan det vere, det kan og vere å bruke andre offentlege lokale, som skular, samfunnshus elle hotell. Dette er det dei enkelte kommunane som skal legge planar for.



Artikkeltags

Kommentarer til denne saken