– Når vi ser det trykket norsk økonomi har fått av coronaviruset, og alle tiltakspakkane regjeringa kjem med til andre bransjar, inkludert høvet for redusert skatt i oljesektoren, heng det ikkje på greip at sjømatnæringa skal påleggast ei særavgift no, seier leiar for Sjømatbedriftene Robert Eriksson til E24.

Den føreslegne produksjonsavgifta på laks, aure og regnbogeaure er eitt av forslaga i revidert statsbudsjett som i desse dagar skal behandlast i Stortinget. Den nye oppdrettsavgifta er på 40 øre per kilo produsert fisk, og blei føreslegen etter at regjeringa gjekk vekk frå forslaget om å innføre ein grunnrenteskatt på 40 prosent slik Havbruksskatteutvalet hadde rådd til.

Leiaren for Sjømatbedriftene håpar på si side at han får opposisjonen med seg på å utsetja den nye oppdrettsavgifta. Slik han ser det, er det betre om sjømatbedriftene får behalda pengane og satsa på grøn teknologi.

Ifylgje avisa skal saka behandlast i Stortinget finanskomite 12. juni og vedtakast veka etter.

(©NPK)