Ber Rotevatn få fart på uttak av ulv

DREPEN: Norsk Sau og Geit  ber Klima - og Miljøminister Sveinung Rotevatn få fart på uttak av ulv i beiteområde..

DREPEN: Norsk Sau og Geit ber Klima - og Miljøminister Sveinung Rotevatn få fart på uttak av ulv i beiteområde..

Om få veker blir sau og lam sleppt på beite, men lite blir gjort for å ta ut ulv, mellom anna i Fjaler og Ytre Sogn. Norsk Sau og Geit er kritisk og ber no klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn å rydde opp.

DEL

Rovviltforvaltninga gjer ingen forsøk på å ta dei ut som førebyggande tiltak, skriv Per Fossheim, utmarksforvaltar i Norsk Sau og Geit i ei pressemelding.

Han opplyser at manglande vilje til å ta ut potensielle skadevaldarar er kommentert både av Riksrevisjonen og Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité i 2019. Trass i desse merknadene unnlèt Miljødirektoratet å gjennomføre Stortingets vedtak.

STATSÅD: Sveinung Rotevatn  er Klima- og Miljøninister

STATSÅD: Sveinung Rotevatn er Klima- og Miljøninister Foto:

Han viser til eitt aktuelt døme på at det ikkje blir handla raskt nok: Fire dagar etter at det vart søkt om å fjerne ein ulv i Land det nye storfylket Innlandet, hadde ingen saksbehandlar i Miljødirektoratet sett seg inn i søknaden. 20. april. Ei veke etter søknaden vart innlevert, var det framleis ikkje gjort noko vedtak.

– Vi registrert ein liknande situasjon i Nord-Østerdal i 2018 og Hadeland året før. Der vart ulv observert på nært hald rett før beitesesongen starta. I begge tilfella drap og skada ulvane opp mot 1000 lam. Staten gjorde ingen forsøk på å fjerne dyr som gjer skade før angrepa var eit faktum, og då var det for seint, skriv Fossheim.

Han understrekar at skadefelling på barmark er vanskeleg. Ved å endre perioden for lisensjakt for ulv er førebyggande uttak overlate til lisensjegerar.

– Uttak av ulv rett før beitesesongen er difor avhengig av ein lokal dugnadsinnsats blant jegerar som prøver å redde beitenæringa, skriv utmarksforvaltar i Norsk Sau og Geit, Per Fossheim, pressemeldinga.

Norsk Sau og Geit opplyser også at Klima- og miljødepartementet fleire gongar har lova rask saksbehandling og raskare uttak.

– Beitebruket har eit klart behov for føreseielege vilkår. Norsk Sau og Geit meiner Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn må rydde opp i eiga forvaltning, skriv Fossheim.

Artikkeltags