Gå til sidens hovedinnhold

Ber helsepersonell vere merksame på biverknader

Legemiddelverket hasteinnkalla laurdag ettermiddag til ein pressekonferanse.

(SOGN AVIS): Der vart det opplyst følgjande:

  • Legemiddelverket og FHI vart fredag orientert om ei melding frå Tynset om eit uventa dødsfall som følgje av hjernebløding.
  • Laurdag har vi fått ytterlegare tre meldingar om blodpropp eller hjernebløding etter å ha fått AstraZeneca-vaksinen.
  • Vi kan førebels ikkje seie noko sikkert om samanheng.

Sigurd Hortemo, overlege i Legemiddelverket, ber helsearbeidarar vere merksame på desse biverknadane.

– Vi ber helsepersonell som mistenker biverknader etter vaksinering om å melde snarast mogleg, sa han under pressekonferansen laurdag.

Hortemo la til at «fleire yngre pasientar har fått hudblødingar etter koronavaksinen».

– Dette kan vere alvorlege teikt, eit teikn på nedsett tal på blodplater. Difor seier vi til personar under 50 år at dersom dei opplever dette, bør dei oppsøke lege umiddelbart.

Kommentarer til denne saken