SOGN AVIS: – Vi har ikkje objekt som skal sikrast i nordre Vestland slik vi har på Mongstad og Kolsnes, men vi har dialog med politieininga i Sogn og Fjordane om enkelte objekt.

– Kva type objekt?

– Eg kan ikkje seie kva type infrastruktur det gjeld, for det er gradert informasjon. Men folk skjønar dette. Folk veit kva verdiar dei har i nærområdet.

– Men i Sogn er det naturleg å tenkje på infrastruktur tilknytt forsyning og produksjon av kraft?

– Vi har fokus på dei som leverer kraft til samfunnet generelt, og straumen som blir levert til desse anlegga, seier Landro.

– Er du i tvil, meld frå

Han fortel at politiet har heva beredskapen i samband med den urolege geopolitiske situasjonen, og oppmodar folk til å vere «generelt årvakne», med låg terskel for å melde frå om ting dei ser. Dette skjer som ein konsekvens av nasjonale føringar frå Politidirektoratet, som igjen har fått sine føringar frå regjeringa.

– Det som er greitt er at folk veit kva verdiar dei har i nærleiken. Og er du i tvil om noko, så meld frå til politiet. Du kan ringje operasjonssentralen eller lokalt politi for å få ting meldt inn. Kjem du ikkje gjennom på telefon går det an å sende e-post. Vi ber om dette for at vi kan gjere ei vurdering av kvart tips og prøve å sjå det i samanheng med andre ting, seier stabssjefen.

– Kva er det folk bør følgje ekstra med på?

– Utanlandske borgarar og turistar som opererer med dronar, til dømes. Det blir mindre vanleg turistverksemd når vi er komne ut i oktober og nærmar oss november. Så om ein opplever eller ser noko uvanleg, ser vi gjerne at folk melder frå.

– Korleis pregar dette kvardagen til politiet no?

– Vi har heilt klart eit auka fokus. Det går ikkje ut over etterforsking og prioriterte saker. Vi skal vite kvar dei sensitive objekta er og ha god kontakt med objektseigarane.

Væpna politi

– Vi skal ikkje ha panikk for russiske spionar og sjå farar bak kvar stein, men vi må sjekke ut ting på ein forsvarleg måte. Folk må stole på at vi har eit system som verkar, seier Landro.

Treff du ein polititenesteperson på patrulje no for tida, så er vedkomande væpna. Det har samanheng med den spente internasjonale situasjonen, men er ikkje heilt nytt.

– Vi har hatt generell væpning lenge no. Sidan før sommaren i samanheng med terrortrusselen som har vore.

Ved Mongstad og Kolsnes har forsvaret bidrege med heimevernssoldatar til vakthald og sikring. Landro understrekar at dette skjer under politiet si leiing, og at slik vil det også vere om det skulle bli behov for noko tilsvarande andre stader.

– Når vi har behov for bistand frå forsvaret, så ber vi om det. Då opererer dei med politiet sine fullmakter i politioppdrag som vi leiar. For det er framleis fredstid.

På spørsmål om folk i Vestland har meldt inn observasjonar til dei allereie, svarar han stadfestande.

– Vi får inn meldingar frå tid til anna om ting vi må sjekke ut. Både droneaktivitet og mistenkjelege personar på sensitive plassar. Ofte dreiar det seg berre om turistar, men vi har fått inn ting som vi framleis driv og sjekkar ut, seier Landro.

Andre saker frå Vest politidistrikt: