Det er meldt kraftig vind onsdag kveld, og særleg på kysten vil det blåse kraftig. Dagen før vart det sendt ut gult farevarsel for kraftige vindkast for delar av Vestlandet frå og med onsdag føremiddag.
Vindkasta kjem frå sørleg retning og vil ligge på omkring 35 meter per sekund, men det kan også vere lokale forskjellar.

Varslar kraftige vindkast frå onsdag: – Kysten blir hardast råka
I 16-tida onsdag ettermiddag minner Vegtrafikksentralen Vest om vindstengingssystema ved rv. 15 Måløybrua i Måløy og Fv. 616 Rugsundbrua i Bremanger. Begge desse stenger automatisk ved høg vind.
Dei kan derimot kunne vere opne i korte periodar dersom vinden løyar. Om det skulle komme ei slik opning oppfordrar Vegtrafikksentralen om å vise varsemd om nokon skulle velje å køyre over.