Belgia anbefaler karantene om ein kjem frå Vestland

DEL

Det melder VG onsdag kveld.

Årsaka er den store auken i smittetilfelle i fylket. Det viser ei ny oppdatering frå belgiske myndigheiter.

Dei anbefaler allereie karantene for folk som kjem reisande til Belgia frå Viken og Oslo.

Bergen kommune har dei siste dagane hatt 32 nye smittetilfelle. Totalt er 376 personar registrert smitta dei siste 14 dagane i Vestland fylke.

Folkehelseinstituttet har merka Belgia som raudt land. Kjem du derifrå til Norge er 10 dagar i karantene påbode.

Artikkeltags