Gå til sidens hovedinnhold

Begynte å ryke frå branntomta

Brannvesenet har vore på staden.

Tysdag føremiddag brann det i ein einebustad i Gulavegen nær Svelgen. Det var full overtenning og huset var ikkje til å redde.

Natt til onsdag begynte det å ryke frå tomta igjen.

– Det var til sjenanse for naboane, seier Oddbjørn Aune i Alarmsentralen.

Brannvesenet vart sendt til staden. Rundt klokka 01.00 var dei framme ved branntomta.

– Det kom røyk frå det eine hjørnet på huset og naboane har også høyrt litt knitring. Det var ikkje opne flammar. Vi drog dit for å kjøle ned tomta igjen. Det var fort gjort, seier Aune.

Les også

Innsatsleiar: – Huset er tapt, men det er ikkje det viktigaste

Les også

To kattar kan ha vore stengt inne i brannen

Les også

Bustadhus i Svelgen brann ned til grunnen