– Det er snakk om store verdiar for bedriftene, og det skal berre ei ulåst dør til før uvedkommande kan komme seg inn og gjere stor skade. Fleire bedrifter må hugse å sjekke at dørene er låste før dei tilsette går for dagen, seier Jan Petter Vereide, avdelingssjef i Securitas i Sogn og Fjordane.

– Sjekk at døra går i lås

I 2016 låste dei 3281 dører, medan dei i 2017 måtte fram med nøkkelen 4862 gongar. Tala, som er samla inn frå Securitas i Sogn og Fjordane sine nattrundar, viser at talet på ulåste ytterdører har auka med om lag 50 prosent, ein auke dei ikkje hadde sett for seg.

– Det er jo mange verksemder som har automatiske dører no, så det er lett å tru at dei er låste utan at dei er det. Sjølv småstein i døra kan føre til at den ikkje går i lås, seier Arve Jonny Akse, driftsleiar i Securitas i Sogn og Fjordane.

Tala viser også at fleire verkstadmaskiner står på, at fleire alarmanlegg ikkje er aktiverte og at fleire vindauge står opne om natta.

– Det er viktig å passe på verdiane sine, og desse tala viser vel at ein nærmast alltid kan sikre seg betre, fortel Vereide.
 

Ber folk slå av kaffitraktaren

Men det er ikkje først og fremst innbrot og tjuveri som er problemet.

– Vi sjekkar bedriftene innvendig også. Det vi gjer mest er preventivt arbeid mot brann- og vasskadar, som kan føre til store avbrot i drifta. Mange gløymer til dømes å slå av kaffitraktaren før dei går heim, fortel Akse.

Dei har også sett ein auke i utrykkingar på innbrot og brann, men ifølge Vereide kan dette henge saman med at fleire verksemder har fått alarm.

Tala viser også ein femti prosent auke i lys som blir slått av av vektarane, sjølv om mange kundar er blitt meir bevisste på miljøet.

– Det er vanskeleg å seie korleis det vil bli i år, men til no har vi merka den same tendensen, fortel Vereide.