Gå til sidens hovedinnhold

Bebuar ved omsorgssenter koronasmitta

Avisa Nordhordland: Gulen kommune fekk natt til laurdag melding om ein positiv koronatest i kommunen. Personen som testa positivt er bebuar ved Eivindvik bu- og omsorgssenter.

Alle nærkontaktar er kontakta og testa, skriv kommunen i ei pressemelding laurdag.

– Eivindvik bu- og omsorgssenter er inntil vidare stengt for besøkande. Smittevegen er ukjent, står det i pressemeldinga.

Gulen kommune har per i dag ein person i isolasjon og ein i smittekarantene.

Les også

Førebur seg på at det kan vere mange smitta

Les også

32 elevar har blitt testa i Askvoll. Laurdag skal dei testast på nytt

Kommentarer til denne saken