Bebuar varsla om jord- og steinras i Olden

Både entreprenør og geolog er sendt til staden.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder laurdag om eit jord- og steinras som har gått i Oldedalen i Nordfjord.

Ein bebuar i rasområdet varsla sjølv om at raset hadde gått. Det er meldt at raset er om lag 1,5 meter høgt og fire meter breitt.

Verken personar, bygningar eller køyretøy skal vere tekne.

Naudetatane har ikkje rykt ut til staden, men både entreprenør og geolog er sendt.

Tidlegare på dagen melde også Vegtrafikksentralen Vest at fv. 5724 Oldedalen er stengt, på strekninga Briksdal – Olden. Også her hadde det gått eit jordras.

Her blir det gjort ny vurdering av vegen måndag klokka 14.00.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken