Fredag 7. oktober kantra ein båt med tre personar om bord ved Sandøy på Bulandet.
Etter ein lengre redningsaksjon vart dei tre redda, men livet til 30 år gamle Silje Grøneng frå Gloppen var ikkje til å redde. I båten var også ein mann i 30-åra som overlevde utan store skadar og ein fem år gamal gut som vart frakta til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.
I ei pressemelding fredag ettermiddag opplyser politiet at tilstanden til guten har gått frå å vere kritisk til stabil.
– Guten er i betring, men er framleis innlagt på Haukeland sjukehus i Bergen – der han får behandling og oppfølging, skriv politiet.
Opplysningar om gutens helsetilstand har blir gitt i samråd med pårørande.
Utover dette vil ikkje politiet kommentere ytterlegare på gutens helsetilstand.
Politiet: Tau i propellen førte til dødsulukka
Frigjev namnet på den omkomne i båtulykka ved Bulandet
