Gå til sidens hovedinnhold

Båtførar står fast på stein i Jølstra

Brannvesenet rykker ut etter at dei har fått melding frå ein båtførar som har køyrt seg fast i Jølstra i Førde.

– Han melder at han står fast, og treng hjelp til å komme seg laus før det blir meir fjøre sjø. Han står fast i elva nokre få hundre meter frå fjorden, seier vaktkommandør Håkon Myking på 110-sentralen i Vestland.

Båtføraren skal ha prøvd å få hjelp av andre før han kontakta brannvesenet, men fekk ikkje tak i nokon som kunne hjelpe.

Myking seier brannvesenet i Sunnfjord vil sjå på situasjonen, og eventuelt kva dei kan gjere for å få båten laus.

Kommentarer til denne saken