Båtførar i Fjaler taua inn av ambulansebåten: – Mistenkt for føring i rusa tilstand

DEL

Klokka 11:46 fredag meldte Vest politidistrikt at ein mann i 50-åra var blitt taua inn av ambulansebåten til Grytøyra i Fjaler.

Båten var gått tom for drivstoff. Føraren er mistenkt for å køyrt i rusa tilstand.

– Føraren meldte sjølv frå på kystradioen. Det blei kopla vidare til oss, som sende ut ein ambulansebåt for å taue han inn, seier Andreas Næsheim, redningsleiar ved HRS Sør-Norge.

Båten, som skal ha vore ei lita jolle, låg og dreiv på fjorden då ambulansebåten kom.

– Føraren blei teken hand om av politiet og framstilt for blodprøve hos ein lege. Det blir oppretta sak på hendinga, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Vidare fortel han at mannen ikkje skal vere lokal, men oppheld seg på ei hytte i området.

Artikkeltags