Gå til sidens hovedinnhold

No kan «Vision of the Fjords» plassere éin til pris på hylla

Artikkelen er over 3 år gammel

GLOPPEN: – Det er eit radikalt, banebrytande design som kan bli ikonisk, seier juryen om turistbåten.

«Vision of the Fjords» vann sist veke Innovasjonsprisen for universell utforming i kategorien transport. Prisen var delt ut av Design og arkitektur Norge (DOGA).

– Som byggar av passasjerbåtar har det blitt ei sjølvfølge for oss å jobbe med universell utforming. Ofte er det snakk om små endringar som gjer ein stor forskjell for dei reisande, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar for Hyen-verftet, i ei pressemelding.

Båten har tidlegare vunne pris for «Ship of the year» i 2016, og den prestisjetunge JEC World Innovation Award 2017 i kategorien «betre liv». Ein raud tråd i dei fleste prisane er kor innovativ båten er, og det spesielle designen med store vindaugsflater og den utvendige gangvegen.

Konkurrerer om pris med mobilappen til Finn.no

Tysdags ettermiddag skal hovudprisen «Innovasjonsprisen for universell utforming» delast ut for tredje gong. «Vision of the Fjords» kjempar mot seks andre kategorivinnarar. Blant anna barneavisa Aftenposten Junior og mobilappen til Finn.no.

– Dei sju kategorivinnarane er gode bevis på korleis universell utforming utløyser innovasjon, aukar konkurransekrafta og gir eit opnare og betre samfunn, seier programleiar Onny Eikhaug i DOGA.

Om «Vision of the Fjords» vert det sagt av juryen at «Båten kan verte ein eksportartikkel for norsk industri, i ei veksande turistnæring som treng miljøvennleg og stillegåande transport». I dag vert turistfartøyet brukt på strekninga Flåm–Gudvangen. Båten har vorte redesigna av Brødrene Aa og oppdragsgivaren The Fjord.

Les også: Suksessbåten gav gigantsmell for Brødrene Aa

Brukar prisen i marknadsføringa

Også i 2011 vann Hyen-verftet transportkategorien då Innovasjonsprisen for universell utforming var delt ut.

– At vi er tidlegare prisvinnarar er noko vi bruker aktivt i vår marknadsføring. Både norske og utanlandske kundar er svært opptekne av universell utforming, seier Aa.

Innovasjonsprisen for universell utforming

Blir delt ut av Design og arkitektur Norge (DOGA) på oppdrag fra Barne- og likestillingsdepartementet (BLD).

Går til oppdragsgivarar, arkitektar og designarar som har utvikla nyskapande og inkluderande løysingar med fokus på menneskeleg mangfald.

Prisen blir i år delt ut i kategoriane arkitektur, landskapsarkitektur, transport, produkt, grafisk design, møbel og interiør, tenestedesign og interaksjonsdesign og digitale løysingar. Kategorivinnarane konkurrerer om hovudprisen.

Scandic Gardermoen vann hovudprisen i 2011. I 2014 vann St. Olavs Hospital.

Kjelde: Pressenytt

Kommentarer til denne saken