Gå til sidens hovedinnhold

Båt med to personar har gått på land i Bremanger

Redningshelikopter er sendt til staden.

Klokka 19.48 fekk Vest politidistrikt melding om at ein båt med to personar har gått på land ved Sørbotnen fyr ved Botnane i Bremanger.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stine Mjelde, opplyser til Firda at det ikkje var personane i båten som sjølv meldte frå til politiet.

– Ein avstandsmeldar som hadde vore i kontakt med dei i båten meldte i frå om hendinga. Dei hadde opplyst at dei hadde gått i land med båten, seier Mjelde.

Politiet varsla Hovudredningsentralen Sør Norge. Dei koordinerte redningsaksjonen etter meldinga.

Klokka 20.30 fortel operasjonsleiar Mjelde til Firda at redningshelikopteret er framme på staden og har visuell kontakt med båten. Båten skal vere ein RIB og dei to personane ombord skal vere uskadde.

– Båten skal først ha gått på eit skjær, men no har den sklidd av og driv nordover, seier Mjelde.

Slepebåt er på veg for å hjelpe. Kva som er årsaka til hendinga er enno ikkje kjend.