Båt hamna i ein hage i Askvoll

Ein tilfeldig forbipasserande ringde inn til politiet og meldte om ein båt som hadde hamna på land i ein hage i Askvoll Sentrum. Politiet er no på veg til staden.

DEL

Klokka 08.06 fekk politiet melding om at ein båt med to personar om bord har gått på land i Askvoll. Ingen personar er meld sakna.

– Vi fekk meldingar om ein båt på land i ein hage i Askvoll. Det er meldt om ein person om bord, og ein som leitar etter hjelp, seier Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Politiet har kontakt med dei to personane i båten, og begge er uskadd. Det var ikkje dei som varsla politiet om at dei var gått på grunn.

Førebels er det uklart om det er skader på båten, men operasjonsleiaren reknar med at det vil vere noko.

Det var ein tilfeldig forbipasserande som først meldte inn om båten som hadde hamna i ein hagen i sentrum.

– Han skjønte ikkje korleis det kunne ha gått til, seier Dahl-Michelsen.

– Han forklarte at det verka som at han sto tilnærma inni ein hage.

Då politiet kom til staden fann dei ut at båtførarane, eit par i 60 åra, hadde gått på grunn på et skjær nær land.

Operasjonsleiaren fortel at det var snakk om feilnavigering.

– Paret køyrde inn i skjæret og håpa at dei skulle få han laus når det vart flo igjen.

Ambulansen vart tilkalla, og tilsette i helsetenesta kunne bekrefte at det sto bra til med paret. Dei har i samråd med politiet avgjort å vente på tidvatnet ved båten.

Patruljen på staden har òg vore i kontakt med dei råka og politiet har avgjort å ikkje forfølge saka vidare.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags