Det var tre personar om bord i båten. Det er ikkje meldt om personskadar, men skroget på båten har fekk nokre skadar.

– Det blei sendt ut ein ambulansebåt og ei redningsskøyte frå Hovedredningssentralen. Då ambulansebåten kom fram fekk dei hjelpt båten av land, og båten fortsette for eiga maskin, seier Tore Andre Brakstad, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Brakstad seier politiet ikkje har fått snakka med dei involverte ansikt til ansikt endå, ettersom båten måtte fortsette ferda si. Det vil bli gjort litt etter kvart, fortel operasjonsleiaren.