Båt gjekk på grunn – føraren omkom

Ein mann på 60 år omkom i ulykka.

DEL

Like før klokka 18.00 laurdag ettermiddag, melde Vest politidistrikt at ein båt hadde gått på grunn ved Krespinusholmen ved Årebrot i Kinn kommune.

Meldinga til operasjonssentralen kom klokka 17.35. Redningsmannskap vart sendt til staden med ein gong.

Klokka 18.46 opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen at ein person er funnen i sjøen og at vedkommande får medisinsk behandling på staden.

Søket er avslutta og det er stadfesta at det berre var ein person om bord i båten.

Klokka 20.23 melder politiet at personen er omkommen. Den omkomne er ein mann på 60 år. Pårørande er varsla.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags