Onsdag føremiddag vart ein båt funnen i fjæresteinane nær Løvik i Askvoll ved Førdefjorden. Det skriv Vest politidistrikt i ein e-post.

Politiet veit ikkje kven som eig båten, og ønsker at vedkomande melder seg og får henta båten.

Det skal ikkje vere melding om ulykker i det aktuelle området, og det vart ikkje sett i verk nokon redningsaksjon som følge av funnet, står det i e-posten.