Gå til sidens hovedinnhold

Basehoppar funnen omkommen

Det skriv politiet i ei pressemelding.

Ein basehoppar blei meldt sakna klokka 15.38 laurdag. Basehopparen er ei kvinne i 40-åra.

Kvinna blei meldt sakna etter at ho ikkje møtte opp på jobb. Ho vart sist observert klokka 08.51, då ho tok bana opp Loen Skylift for å hoppe.

Det blei sett i gang redningsaksjon med mannskap frå naudetatar, frivillige og redningshelikopter frå Florø.

Klokka 17.43 melde redningshelikopteret at dei hadde gjort funn av ein omkommen person i søksområdet. Det er bekrefta at den omkomne kvinna er den sakna basehopparen.

Politiet opprettar sak.

– Alt tyder på at vi står overfor ei tragisk ulykke, skriv operasjonsleiar i Vest politidistrikt Per Algrøy, i pressemeldinga.

Les også

Basehoppar sakna i Loen