Gå til sidens hovedinnhold

Sprang inn til bronse, med tunge bein frå dagen før

Artikkelen er over 3 år gammel

FRIIDRETT: Marius Vedvik greidde bronse på 3000 meter under innandørs-NM, etter å ha blitt mørna av Jakob Ingebrigtsen.

– Heilt greitt, for eg kjende meg ganske tung i beina i dag, seier Førdianaren, om sitt bronseløp på 3000 meter under innandørs-NM i Bærum søndag. Han kom i mål på tida 8.13.84, medan vinnaren Jakob Ingebrigtsen hadde 7.56.74.

Dei tunge beina stamma frå dagen før, der han sprang 1500 meter og kom på ein 5.-plass. Jakob Ingebrigtsen vann også her, og sørga for svært høg fart i feltet.

I tillegg til å ha denne tunge 1500-meteren i beina, kom Vedvik akkurat igjen frå eit høgdeopphald. Han legg ikkje skjul på at det også sat i kroppen.

– Hadde eg hatt ein optimal dag, kunne eg nok gjort det betre, men dette er mykje for oppkøyring og fartstrening, seier Vedvik, som til allereie til neste helg skal til pers att.

Då ventar Nordisk innandørs, og forhåpentlegvis har han rista av seg NM og høgdeopphaldet.

– Ei veke frå no skal eg nok vere i bra slag, seier han.

Kommentarer til denne saken