Bærprodusentar vil chartre fly for å få sesongarbeidarar til Noreg

Utanlandske sesongarbeidarar frå land utanfor EØS får reise inn til Noreg for å jobbe. Bærprodusentar vurderer no å chartre fly for å få sesongarbeidarar til landet.

Utanlandske sesongarbeidarar frå land utanfor EØS får reise inn til Noreg for å jobbe. Bærprodusentar vurderer no å chartre fly for å få sesongarbeidarar til landet. Foto:

Av

Onsdag blei det klart at utanlandske sesongarbeidarar frå land utanfor EØS får reise inn til Noreg for å jobbe. Bærprodusentar vurderer no å chartre fly for å få sesongarbeidarar til landet.

DEL

For mange bønder har det vore mykje usikkerheit om det har vore mogleg å få nok arbeidskraft til sesongen.

Sjølv om det no er klart at utanlandske sesongarbeidarar frå land utanfor EØS får reise inn til Noreg for å arbeide, er det framleis mykje av det praktiske som må på plass.

Jordbærbonde Simen Myhrene seier til NRK at han trur innteninga i år vil bli langt lågare enn normalt. Årsaka er at arbeidarane må i karantene, og smittevernet er krevjande. Dette gjer at bøndene får auka kostnader og at bæra blir dyrare.

– Det er mange kreative løysingar blant bøndene no for å få ein så god sesong som mogleg. Nokre har snakka om det å chartre eit fly for å få sesongarbeidarane på plass i tide, seier Jørn Haslestad, sekretær i Norges Bærdyrkerlag.

(©NPK)


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken