I 2016 vekte det som er blitt omtalt som naustdalssaka stor oppsikt. Det var demonstrasjonar i store delar av verda mot norsk barnevern.

Fem born vart tekne frå eit norsk-rumensk ektepar hausten 2015. I utanlandske medium var historia at barnevernet greip inn på grunn av «kristen indoktrinering». I Norge handla saka om familievald.

Barnevernet tok alle fem barna frå foreldra, med mistanke om at dei var valdelege. Foreldra fekk først tilbake babyen ved ein dom i tringretten. Seinare kom alle barna tilbake, etter at det var skrive ein avtale mellom familien og barnevernet om at partane skulle samarbeide om hjelpetiltak.

Politiet si etterforsking leia likevel til ein tiltale for oppdragarvald, noko foreldra ifølge politiadvikat Sissel Kleviven erkjende straffskuld for under avhøyr. Då saka skulle opp i Sogn og Fjordane tingrett hadde familien flytta frå Norge. Dei bur no i heimlandet til faren.

No melder rett24.no av den Europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg har bestemt seg for å behandle saka. Det blir den tiande norske barnevernssaka som skal opp i domstolen.

Tidlegare har domstolen landa på at Norge har krenka menneskerettane i ei av sakene, medan staten er frifunnen i dei andre. Resten av sakene har det ikkje komme avgjerd i.