Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det kommunale barnevernet er under press. Riksmedia slår stort opp om krise. «Hei Erna-kampanjen» ropar på fleire tilsette, ansvarleg minister og direktøren i Bufdir er opptekne av at vi som jobbar i fagfeltet må få meir kompetanse. Bakteppet for denne debatten er sjølvsagt alle sakene i EMD mot Norge.
Den viktigaste bodskapen i debatten kjem likevel frå barneombod Inga Beyer Engh. Vi som deltek i debatten må sørge for at den vert ført på eit anstendig nivå, bidra til å få fram nyansar og ikkje nører opp under ei auka polarisering. Det betyr og at vi faktisk må starte med å erkjenne at det finnast rom for forbetring, både på systemnivå og i høve kompetanse hjå oss som jobbar i tenesta.
Kanskje er det på sin plass å starte med å fortelje omverda at vi er vane med å vere under press. Skal vi få rammer å jobbe under som er forsvarlege, må vi synleggjere det sprikande og til dels motstridande mandatet samfunnet har gjeve oss. Eit døme på dette er born der Fylkesnemnda har vedtatt omsorgsovertaking.
Vår primære oppgåve handlar om beskytte born mot alvorleg omsorgssvikt. Det er ei oppgåve som er umogleg å løyse utan at vi av og til må trosse foreldra sin vilje og reise sak om omsorgsovertaking. Ei omsorgsovertaking er i prinsippet midlertidig. Difor har Norge fått kritikk for at vi ikkje er flinke nok til å legge til rette for tilbakeføring. Noko som igjen betyr at vi i større grad må prioritere å prøve å hjelpe foreldre, med svært kompleks problematikk, til å igjen bli i stand til å ta omsorg for sine born. At samarbeid mellom foreldre og barnevernstenesta etter ei omsorgsovertaking kan vere utfordrande, er ikkje vanskeleg å forstå. Samstundes er dette naudsynt å få til, dersom vi skal jobbe mot dei måla som lovverket krev av oss.
Samstundes forventar vi at barnet skal «knyte seg» til fosterforeldra. Vi har til og med eit lovverk som krev at vi skal sikre barnet stabil og god vaksenkontakt og kontinuitet i omsorga. Vi skal på den eine sida sikre barnet tryggleik og stabilitet og på den andre sida legge til rette for at det kanskje ikkje skal få vekse opp i den fosterheimen der det endeleg har funne tryggleik. For å ikkje avskjere dette høve for tilbakeføring, må det leggast til rette for eit samværsomfang mellom barn og foreldre som igjen kan føre til både retraumatisering og bidra til å gjere tilknytinga til fosterforeldra vanskeleg.
Dette er eit av dei mange dilemma vi står midt oppe i og som krev at vi gjer gode vurderingar. Vurderingar som skal vise både det som talar for og det som talar mot ei seinare tilbakeføring. Vurderingar som skal gjerast samstundes som både TV2, Gro Hillestad Thune og advokat Thea Totland skrik ut for heile nasjonen om kor inkompetente vi er. Dette er dilemma som både den politiske- og administrative leiinga i kommune og stat må kjenne til, dersom dei skal forstå kva arbeidsvilkår vi treng.
Vi som jobbar i barnevernet kan heller ikkje berre møte desse utfordringane med å lukke auga for dei til dels motstridande målsettingane det er å jobbe i slike saker. Vi må ta innover oss at oppgåva faktisk er så krevjande at vi skal hjelpe både barn og foreldre, også der borna ikkje lenger kan bu heime. Dersom vi ikkje erkjenner dette, korleis kan vi då forvente at politikarar, rådmenn eller folk flest forstår landskapet vi jobbar i?
Andre dilemma som gjer at barnevernet er under press, er at vi i stadig større grad får oppgåver som følge av at andre instansar sviktar eller ikkje har ressursar til å gjere sin del av jobben. Dei fleste barnevernstenester har opplevd alvorleg psykisk sjuke born som spesialisthelsetenesta skriv ut og vil overlate til oss. Dette utan at nokon kan påvise at foreldra utset dei for omsorgssvikt. Åtferdsutfordringar og skulevegring som kunne vore avhjelpt med tilrettelegging på skulen vert og altfor ofte gjort til barnevernssaker. Ofte er det då kome så langt at det ikkje lenger nyttar med enkle tiltak.
Dette betyr at vi som tilsette i barnevernstenesta har ein stor jobb å gjere med å etablere gode rutinar og eit godt samarbeid med andre instansar. Men, det betyr og at vi må bli tydlegare på kva som er vårt mandat og at eit godt barnevern og betyr at andre hjelpeinstansar må gjere jobben sin. Vi får ikkje dette til åleine.
Dette er og ein del av den kvardagane som våre politiske og administrative leiarar må vite noko om.
Kven skal fortelje dei dette om ikkje vi?
Det er i alle fall ikkje tilstrekkeleg å overlate denne debatten til Barne- og familieministeren og direktøren i Bufdir. Det hjelper likevel litt å ha barneombodet med på laget.