Auken trer i kraft frå tysdag. Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) kallar det eit historisk løft.

– 3.600 kroner ekstra i året kjem til å gjere kvardagen romslegare for dei barnefamiliane som treng det mest, seier Ropstad.

Barnetrygda for dei yngste blir heretter på 1.354 kroner i månaden, eller 16.248 i året.

Ropstad viser til at ein auke gir eit løft til småbarnsforeldre, som ofte har kortare fartstid i yrkeslivet og derfor kan ha svakare økonomi enn foreldre med eldre barn.

– Omkring 111.000 barn veks i dag opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Barnetrygda er den enkeltstønaden som truleg betyr mest for å sørgje for at færre barn veks opp i låginntektsfamiliar. Eg håpar denne auken kan bidra til å gi nokre av desse barna betre moglegheiter, seier han.