Lesarane av Firda har nok fått med seg at det i Sunnfjord Kommune fortida er lagt ut ein plan på høyring om barnehagestrukturen i kommunen. Det er ikkje mange dagane igjen til og komme med innspel, til administrasjonen, og oss som er folkevalde, fristen er 31. januar, dersom ein har tankar kring barnehage strukturen i Sunnfjord. Om du som innbyggar er fornøgd eller ikkje med barnehagen i ditt lokalsamfunn, kan det nok vere lurt og gje innspel, sjølv om ikkje «din» barnehage er omtalt som ein av dei som er føreslått nedlagt på kort eller litt lenger sikt.

I avisa har vi dei siste to vekene sett ein del reaksjonar kring det at det er føreslått å bygge ein ny stor barnehage i Førde, nærare bestemt i Slåtten skulekrins. Denne skal byggast for å avlaste minst to barnehagar i det geografiske området, blant anna Tusenfryd. Det er dette som har fått fokus i media.

Det pedagogiske kring å ha store eller små barnehagar er det nok folk med vesentleg meir kompetanse på området enn eg har til å kunne uttale seg om. Mitt personlege syn er at det må vere lettare å fange opp dei barna som treng ekstra oppfølging i ein mindre barnehage. «Tidleg innsats» er jo eit uttrykk i oppvekstsektoren.

I Sunnfjord har vi 18 kommunale barnehagar og 8 private. Dei kommunale er fullt styrt og eigde av kommunen. Dei private er enkelt sagt «leve meir sitt eige liv». Gjere dei no det? Svaret mitt er, «nei det er ikkje så enkelt». Desse private barnehagane får støtte frå kommunen ut frå blant anna kor stor kostnad kommunen har per barn til sine (kommunal-eigde) barnehagar.

Som folkevald har eg fått beskjed om at kostnaden til barnehagane i Sunnfjord er mykje større enn den er i tilsvarande kommunar. Ja, det er tilsvarande kommunar når vi vert samanlikna med folketalet, geografi er ikkje vektlagt i slike samanlikningar. Det må gjerast grep, administrasjonen kjem med forslag om og legge ned dei to minste kommunale barnehagane i kommunen alt til hausten. To grender, Vevring og Karstad, vert råka. Dette vil føre til «innsparingar».

Det vert teoretisk sett billigare og drifte dei kommunale barnehagane når ein eventuelt då får 16 framfor dagens 18. I planen les ein vidare at dei kommunale barnehagane i Viksdalen og Holsen skal under lupa litt fram i tid. Skulle vi ikkje ta heile kommunen i bruk?

Dette fører vidare til at dei private barnehagane vil få mindre overføringar til si drift. Dei vil såleis komme i økonomiske utfordringar og vert på denne måten tvinga til å kaste inn handkledet. Ikkje dei store private i første omgang, men dei som kanskje har det litt tøft økonomisk frå før. Den minste av dei private barnehagane i Sunnfjord er i Stardalen. Den nest minste ligg på Ålhus. Dei har nok såleis dei minste budsjetta og vil merke sparte kostnadar i den kommunale barnehagedrifta umiddelbart i sine økonomiske overføringar frå kommunen.

Dei som er tilknytt barnehagar må no nytte høvet til å engasjere seg. Denne planen handlar slik sett om meir enn ein eller to nye store barnehagar i Førde sentrum. Den vil slik den ligg føre no, om den vert vedteken, særleg råke dei private. Ikkje dette året, men dei kommande åra, i form av reduserte økonomiske overføringar. Private barnehagar har historisk sett vore viktig for og få i gang barnehagedrift, og ikkje minst nok kapasitet både i folkerike, og mindre folkerike stadar.

Prognosane tilseier nedgang i folketalet i Sunnfjord kommune framover. Det er ein sjølvsagd ting at ein ikkje kan drive barnehage utan barn. Kva gjer kommunen for å legge til rette for folketalsvekst/hindre nedgang i folketalet, eller iallfall bevare ein viss busetnad ute i grendene, slik at barnehagar og skular kan vere der i framtida? Grunnlag for spørsmålet mitt er at det no også ligg ute kommunalplanen sin arealdel på høyring og.

For grendene i kommunen er det nok noko dyster lesnad, i første augekast. Det vil ikkje vere lett å bygge hus der ein tidlegare hadde tilnærma «frie reglar» og kommunen applauderte dei som satsa. Mange restriksjonar og skjær i sjøen vil ein dessverre møte no.

Skulle vi ikkje ta heile kommunen i bruk?

Noko eg og fleire har tenkt på kunne vore ei løysing i tidlegare Gaular (som eg kjenner best) for å auke busetnaden er blant anna å gi kommunale tomter som ligg ubrukte til unge folk som ville busette seg der fast. Tomtene måtte dei få tilnærma vederlagsfritt. Og premiss om fast busetnad i minimum 10 år. I eiga bygd Viksdalen er det eit kommunalt byggefelt som er om lag 40 år gammalt. Der er det enno ledige tomter.

Medan Gaular var eigen kommune kosta desse tomtene kring 50 000. No i vinter er visst prisane blitt til 300 000. Slikt føre ikkje til utvikling av grendene, og det verka merkeleg at dersom ein vil gjere tiltak på ei tomt midt i eit kommunalt felt no, der husa rundt er 40 år gamle, må til med rasvurderingar før ein kan få byggeløyve.

Vel folkens brett opp ermane, engasjer dykk i høyringane framover, og ikkje gløym at det er litt seint og snyte seg når nasen er vekke!

Les også

Små barnehagar har store fordelar

Les også

Vår kjære, vesle og trygge Hatlehaugen