Gå til sidens hovedinnhold

Barnehage og skule stenger etter sju nye koronasmitta i Stad

Søndag kveld kom resultatet. Av dei 71 prøvane dei venta svar på, var sju av dei positive.

Alle nærkontaktar til dei sju nye smitta er sett i karantene og testa.

Fire av dei sju smitta er nærkontaktar til tidlegare smitta personar i Selje. Desse tilhøyrer tre ulike husstandar og alle var i karantene.

Til saman er det no rundt 80 personar som er smitta av koronaviruset i det pågåande utbrotet i Stad kommune. Måndag er litt over 170 personar i karantene i Stad kommune.

Les også

Antar at smitten i Stad er mutert virus. – Er sendt til analyse

Stenger Selje barnehage og innfører digital undervisning

Ved Selje skule har ein elev på 8. trinn og ein tilsett fått påvist smitte. 10. trinn ved skulen vert definert som nærkontakt til den tilsette, og er sett i karantene og kalla inn til testing måndag.

Ettersom born, elevar og tilsette i Selje har fått påvist koronasmitte dei siste dagane, har kommunen bestemt seg for å stenge Selje barnehage og innføre digital undervisning ved Selje skule i veka som kjem.

– Bemanningssituasjonen gjer det vanskeleg å halde oppe ordinær drift av tilboda i veka som kjem, og ein ønskjer også å gjere det som er nødvendig for å bidra til ytterlegare kontroll over utbrotet i Selje, skriv ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

Tilsett i administrasjonen smitta

På Nordfjordeid har ein tilsett i administrasjonen ved Eid Ungdomsskule testa positivt på koronaviruset. Sidan det finst ein risiko for smitte i lærarkollegiet, har kommunen bestemt at det skal bli digital undervisning for elevar ved Eid ungdomsskule denne veka.

– Ein ønskjer å skape tryggleik for at dette ikkje kan føre til smitterisiko for elevar ved skulen dei komande dagane, skriv Bjørlo.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært låg terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom. Måndag vil kommunen gjere ei ny vurdering av risikonivå i samband med utbrotet og kome med oppdaterte råd til innbyggjarane.

Les også

Omfattande smittesporing etter tilfelle i Selje

Les også

Korleis har koronaåret vore? Dette svarar 50 personar

Les også

No er det stadfesta: Smitten i Stad er mutert virus