Barnehagar og 1.–4. klasse opnar etter påske

Det er klart etter at regjeringa har starta pressekonferansen sin om vidare tiltak i samband med koronapandemien.

DEL

Dette er tiltaka regjeringa la fram i pressekonferanse klokka 16.

Barnehagar vil opne 20. april.

Frå 27. april vil også 1.–4. klasse starte opp, med både undervisning og SFO. Målet er at alle elevar på ein eller annan måte skal tilbake på skulen før sommaten.

Vidaregåande skular skal opne for yrkesfagelevar i 3. klasse frå 27. april. Studiestadar skal også opne for dei som treng utstyr og er i sluttfasen av utdanninga.

Det mykje omtalte forbodet om å overnatte på hytta vert oppheva frå 20. april.

Sjukehusa skal førebu seg på normal drift etter påske.

Også frisørar og andre som no har stengt av smittevernomsyn kan opnast igjen i løpet av april.

– Det blir ikkje lenger straffbart å overnatte på hytta, men det er framleis ei nasjonal tilråding å unngå fritidsreiser, sa Bent Høie under pressekonferansen.

Alle som kan det skal framleis ha heimekontor.

– Langt igjen

– Vi er framleis langt frå halvspelt viss vi skal samanlikne oss med ein fotballkamp. Men med godt lagspel har Norge klart å få kontroll på dette viruset. Jobben no er å halde fast på denne kontrollen, sa statsministerer Erna Solberg då ho presenterte regjeringa sin plan for å lette på ein del av dei strenge koronatiltaka.

Solberg åtvara mot å tru at vi no kan lene oss tilbake og røre oss tilbake til kvardagen.

– Det vi gjer no, er å opne litt opp. Men eg vil understreke så sterkt eg kan, at dette ikkje betyr at vi kan bli meir uforsiktige på andre område. Andre tiltak og råd gjeld derfor framleis, sa ho.

– Kan bli nødvendig å stramme inn igjen

– Smitteutviklinga må framleis følgast nøye, og det kan bli nødvendig å stramme til igjen dersom smitten aukar. Men alt tyder på at vi går i riktig retning, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF). til NTB.

Mange har ytra bekymring om barn som har det vanskeleg heime i perioden der skulane har vore stengde. Redd barna understrekar viktigheita av at dei tilsette er ekstra merksame på barna når dei kjem tilbake igjen i skulen og barnehagen.

– Som alltid er det viktig at dei melder frå til hjelpeapparatet dersom dei blir bekymra for heimesituasjonen til barna, slik at barna og familiane kan få ekstra hjelp og støtte, seier leiar Monica Sydgård i Redd barnas Noregsprogram.

Artikkeltags