Eit barn har blitt påkøyrd i eit gangfelt i Hans Blomgate i Florø.
Ulykka vart meldt til politiet klokka 14: 13 fredag ettermiddag.
– Det var ein patrulje som kom over påkøyrsla, der eit barn har blitt påkøyrd. Det er like ved legesenteret, så det blei sendt ut ein lege derifrå. Legen undersøker den påkøyrde jenta, seier Ingrid Teigland Tepstad, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Operasjonsleiaren veit foreløpig ingenting om skadeomfang. Politiet er på staden og snakkar med vitne til ulykka.
Klokka 15.04 skriv Politi Vest på X at barnet som er påkøyrt blir sett til av lege på staden. Politiet gjer undersøkingar og tek avhøyr av dei involverte og vitne.
Det er ikkje mistanke om rus.
Firda kjem tilbake med meir.