Han tek over som regiondirektør for bedriftsmarknaden

NY JOBB: Arild Sandvoll er tilsett som ny regiondirektør for bedriftsmarknaden i Sogn og Fjordane. Her i rolla som styreleiar i Førde il fotball.

NY JOBB: Arild Sandvoll er tilsett som ny regiondirektør for bedriftsmarknaden i Sogn og Fjordane. Her i rolla som styreleiar i Førde il fotball. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Sparebanken Vest leverte eit resultat på 868 millionar kroner før skatt i første halvår.

DEL

Sparebanken Vest fekk i første halvår eit resultat før skatt på 868 millionar kroner og ein eigenkapitalavkastning på 10,7 prosent. Resultatet før skatt i første halvår i 2016 var 826 millionar.

Banken har og tilsett ny leiar for bedriftsmarknaden i Sogn og Fjordane, kjem det fram i ei pressemelding.

– Banken leverer eit godt resultat i kvartalet og for halvåret. Resultatet er prega av flat kostnadsutvikling og auka netto renteinntekter. Samstundes gjev banken sitt målretta arbeid over tid på kredittsida positive effektar gjennom låge tap, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

For andre kvartal isolert var resultatet før skatt på 436 millionar kroner, mot 504 millionar for same kvartal i fjoråret.

30 millionar meir i renteinntekter

Netto renteinntekter var i andre kvartal 631 millionar kroner mot 601 millionar kroner i same periode i fjor. Andre kvartal viser låge nedskrivingar på utlån og garantiar på til saman 21 millionar kroner, der 3 millionar er gruppenedskrivingar.

Driftskostnadane er 360 millionar kroner i andre kvartal. Kostnadsutviklinga er også flat samanlikna med første kvartal, og Kjerpeset fortel at dei er særs nøgde med kostnadsutviklinga i ei tid der omstillings- og utviklingstakten i banken er høg.

– Vi forventar at kostnadane vert på dagens nivå også framover, seier Kjerpeseth.

Tilset ny regiondirektør

Banken har også hatt utskiftingar i leiinga. Arild Sandvoll frå Førde vil overta etter Olav Hjelle som ny regiondirektør for bedriftsmarknaden i Sogn og Fjordane. Sandvoll kjem frå DNB der han har hatt fleire leiarstillingar.

– Vi er særs nøgd med å ha fått på plass ein kapasitet som Arild til leie bedriftsmarknaden i fylket vidare. Han vil ta over eit team som har vore i sterk framgang med mellom anna ei kundetilfredsheit på over 80 prosent så langt i år. Arild skal fylle store sko etter Olav, men eg er sikker på at han vil fortsette arbeidet med å gjere Sparebanken Vest til ein stadig meir attraktiv finansieringspartnar i fylket, seier konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest, Ragnhild Janbu Fresvik.

Ved utgangen av andre kvartal finansierer Sparebanken Vest over 2.000 verksemder i Sogn og Fjordane.

Fleire sparar i fond

I kvartalsrapporten melder banken om høg kundeaktivitet og vekst i utlån til personkundar på 6,8 prosent dei siste 12 månadane.

Låge renter på innskot og gode digitale sjølvbeteningsløysingar bidreg også til at både delen nye spareavtalar og sparevolum i fond aukar.

– Våre kundar ynskjer betre avkastning på sparepengane sine og det siste året har det vore ei auke i nye spareavtalar på 14 prosent og den totale forvaltningskapitalen i fond har auka med 34 prosent til over ni milliardar kroner, seier Jan Erik Kjerpeseth.

Artikkeltags