DNB-kundar belasta dobbelt igjen – omfanget er stort

TEKNISKE PROBLEM: DNB-kundar opplev torsdag morgon tekniske problem som gjer at dei blir trekt dobbelt ved betaling.

TEKNISKE PROBLEM: DNB-kundar opplev torsdag morgon tekniske problem som gjer at dei blir trekt dobbelt ved betaling. Foto:

Av

DNB-kundar opplever torsdag morgon tekniske problem som gjer at dei blir trekt dobbelt ved betaling. Omfanget er stort, seier DNB.

DEL

– Heile kriseteamet vårt har jobba i ganske lang tid for å løyse problemet. Det vi kan seie no er at omfanget er stort, og det er mest truleg mange som vil oppleve problem. Vi jobbar på spreng for å rette dette opp, seier kommunikasjonsrådgjevar Vidar Korsberg Dalsbø i DNB til NTB.

DNB skriv i ei melding på nettsidene sine at enkelte kundar opplever å bli trekt dobbelt midnatt til torsdag. Teknikkarane til banken har sidan jobba med å rette feilen. Klokka 05.00 torsdag morgon var problemet framleis ikkje løyst. Problemet kan knytast til dei same feila kundar opplevde onsdag.

DNB beklagar

Den tekniske feilen kan hos enkelte føre til at reservert beløp ikkje blir sletta når pengane blir trekt, og at kunden får mindre disponibelt på konto enn dei eigentleg skulle ha.

På sosiale medium renner det inn reaksjonar frå frustrerte kundar. Dalsbø seier han forstår kundane sin frustrasjon.

– Vi beklagar på det sterkaste for feilen og har stor forståing for at kundar er frustrerte. Vi ønsker å forsikre kundar om at dei ikkje treng å bekymre seg for pengane sine, for pengane vil dei få tilgang til igjen, seier Dalsbø.

Ventetid

Kommunikasjonsrådgjevaren seier det er to løysningar tilgjengeleg for dei som har minus på kortet på grunn av feilen og som har akutte problem: Det er enten å bruke MasterCard eller å få utvida kreditt via kundesenteret.

– Men sidan så mange er ramma, kan det bli lang ventetid for sistnemnde løysning, tilføyer han.

Dalsbø legg til at kundar ikkje treng å kontakte banken, og at feilen vil bli retta så snart som mogleg.

Det er ikkje første gang den tekniske feilen ramma DNB-kundar. Også onsdag opplevde kundar at dei blei trekt dobbelt. Det skapte sterke reaksjonar på DNB sine sider på sosiale medium.

Artikkeltags