Vi tek samfunnsansvaret vårt på alvor

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarOnsdag 14. februar las eg innlegget «Samfunnsansvar i banknæringa?» av Anne Britt N. Losnegård. Eg likar engasjement, og ønskjer å svare på spørsmålet Losnegård stiller i tittelen sin.

Aller først vil eg seie dette om nedlegginga av Askvoll-kontoret: Vi forstår godt at det kjem reaksjonar når vi legg ned filialar, og vi gjer det ikkje med lett hjarte. Men banknæringa og bruken av oss endrar seg, og dermed må og vi tilpasse oss. 

Losnegård skriv vidare at vi først og fremst tek ansvar for å drive vår eigen butikk. Det har ho heilt rett i. Det viktigaste eg gjer som sjef for Sparebanken Sogn og Fjordane er å sørgje for at vi driv lønnsamt og at vi utviklar banken i tråd med det som skjer rundt oss. Og grunnen til det er nettopp vårt samfunnsansvar. Vi er den største finansieringskjelda for næringslivet i dette fylket med nesten 12 milliardar i utlån til små og store bedrifter. Som regional sparebank har vi eit sterkare engasjement for desse bedriftene enn spesielt dei store forretningsbankane. At banken er solid og leverer gode resultat, er ein føresetnad for at vi skal kunne vere med å realisere store prosjekt som til dømes Loen Skylift i lag med innovative gründere med evne og vilje til å satse. Gondolbana i Loen til 300 millionar kroner er allereie blitt eit fyrtårn for reiselivet i fylket. Eit levande Sogn og Fjordane treng eit levande næringsliv og ein sterk bank med hovudkontor i fylket.

Losnegård nemnar og våre søknadskurs. Vi tilbyr desse kursa gratis for å hjelpe lag og organisasjonar i søknadsprosessen og for å vise mogelegheitene som fins for å realisere gode prosjekt. Størrelsen på gåvene vi delar ut varierer frå 5.000 til 3 millionar kroner, alt etter prosjektomfang.

Som sparebank gjev vi delar av overskotet tilbake til samfunnet, og det er meir enn «knappar og glansbilete», slik Losnegård skriv. Dei siste fem åra har vi gjeve 140 millionar kroner tilbake til fylket, primært til kultur og idrett retta mot barn. Våre 280 tilsette er stolte av banken sitt engasjement for gode oppvekstvilkår i lokalsamfunna i Sogn og Fjordane. 

Så for å gripe tilbake til starten: Om vi tek samfunnsansvaret vårt på alvor? Svaret er ja!

Artikkeltags