Undersøking: 1 av 5 unge vurderer å binde renta

VIL BINDE RENTA: I ei fersk undersøking kjem det fram at 1 av 5 vurderer å binde renta.

VIL BINDE RENTA: I ei fersk undersøking kjem det fram at 1 av 5 vurderer å binde renta. Foto:

DEL

I frykt for kraftig renteoppgang, vurderer fleire unge låntakarar å binde renta, viser ei undersøking.

Ei undersøking Norstat har gjort på oppdrag av Bank2 viser at 13 prosent av dei spurde vurderer å binde renta, skriv Dagens Næringsliv.

I aldersgruppa 25 til 39 år er det fleire som vurderer fastrente. 19 prosent – nesten 1 av 5 – svarar i undersøkinga at dei vurderer å binde renta. I same aldersgruppe var det også 32 prosent som svarte at dei fryktar for nedbetalingsevna dersom renta går opp med tre prosentpoeng.

Fleire bankar DN har snakka med fortel om auka interesse for fastrente. Pressesjef i Danske Bank, Øystein Andre Schmidt, fortel at banken har hatt over fire gonger så stor teikning av fastrentelån dei siste par månadene samanlikna med same periode i fjor.

I september heva Noregs Bank styringsrenta for første gong på sju år, då ho vart sett opp frå 0,50 til 0,75 prosent. Prognosane frå sentralbanken går ut på at styringsrenta skal hevast gradvis til 2 prosent ved utgangen av 2021, noko som vil bety bustadlånsrenter på i underkant av 4 prosent i 2021.

Artikkeltags