Gå til sidens hovedinnhold

BankID nede torsdag formiddag

BankID har nedetid fram til klokka 11 torsdag på grunn av byte av leverandør.

Nedetida byrja ved midnatt og skulle opphavleg berre vare til klokka 8.

Det tok dessverre litt meir tid å starte første steg i flytteprosessen. Det kan òg bety at det blir noko kø når vi opnar igjen. Vi beklagar ventinga, heiter det i ei melding på BankIDs nettside.

Frå og med torsdag 21. oktober til og med tysdag 26. oktober klokka 8 kan du ikkje aktivere ein ny BankID eller opne ein sperra eller utgått BankID, blir det opplyst vidare.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken