Årsrekneskapen for 2019 vart sluppe av banken fredag. Den syner ein inntektsauke på 167 millionar kroner frå 2018.
Rekneskapen syner også 696 millionar i resultat før skatt. Dette omtalar banken som eit rekordhøgt år, noko dei melder skal komme kundane til gode gjennom auka utlånskapasitet, gåver til lokalsamfunna og utbyte til eigarstiftingane til banken.
– For banken er det særleg viktig å understreke vår rolle som bank for næringslivet i Sogn og Fjordane. Gjennom 2019 auka banken utlåna til næringslivet vårt med 500 millionar kroner og det gode resultatet girbanken kraft til å satse vidare her i Sogn og Fjordane, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane i pressemeldinga.
For sparebanken sin del var det også ein større utlånsvekst i 2019. Det ser eit teikn på at det er god aktivitet og investeringslyst i næringslivet.
Utlånsveksten i privatmarknaden auka i 2019 med 2,1 milliardar kroner. Av dette kjem 1,4 milliardar i Sogn og Fjordane, ei auke på 6,7 prosent berre i Sogn og Fjordane, melder banken.
Med ein vekst på 6,7 prosent i Sogn og Fjordane har banken nok eitt år styrka sin marknadsposisjon som den leiande banken i kjerneområdet. Nærare ein av to innbyggjarar i Sogn og Fjordane er kunde hos oss. Samstundes har vi 43 prosent av kundemassen på privatmarknaden i resten av landet.
HOVUDLINJER PER 4. KVARTAL 2019
• Netto renteinntekter 938 mill. kr (862 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 147 mill. kr (61 mill. kr)
• Driftskostnader 492 mill. kr (460 mill. kr)
• Tap på utlån 40 mill. kr (16 mill. kr)
• Totalresultat 553 mill. kr (459 mill. kr)
• Eigenkapitalavkastning 11,9 % (10,6 % p.a.)
• Kapitaldekningsprosent 19,8 % (18,4)
(2018-tal i parentes)