Bankbygg Sandane AS er eigd av Preben Moen, Olav Fuglestrand, Mariann Lund og Ola Sundt Ravnestad.

Ein av premissane for salet var at Sparebanken Sogn og Fjordane skulle vere leigetakar i bygget, og banken har inngått ei 10 års leigeavtale med kjøparen, skriv Sparebanken Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Kjøpar skal i løpet av tredje kvartal 2022 starte ombygging av bankbygget og ombygginga er pårekna ferdig i første kvartal 2023.

Banken flyttar mellombels ut under ombygginga og vil under ombygginga ha mellombelse lokale i dei tidlegare politilokala på Sandane.

Bakgrunnen for salet er banken heller ønskjer ei langsiktig leigeavtale på Sandane. Banken ønskjer å legge til rette for at andre skal drive med drift av eigedom, og er det same grepet banken har gjort fleire plassar, til dømes i Florø, Dale og Sogndal.