Samfunnsansvar i banknæringa?

SAMFUNNSANSVAR: – Eg let meg imponere over krafta i eigenreklamen til Sparebanken Sogn og Fjordane, skriv Anne Britt N. Losnegård.

SAMFUNNSANSVAR: – Eg let meg imponere over krafta i eigenreklamen til Sparebanken Sogn og Fjordane, skriv Anne Britt N. Losnegård. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarEg let meg imponere over krafta i eigenreklamen til Sparebanken Sogn og Fjordane. No har dei også fått fylkespolitikarar med i heiagjengen. Dei utviser samfunnsansvar, meiner leiar i fylkeskommunen sitt hovudutval for næring og kultur. Har ho ikkje høyrt om det store bankranet? Våren 2017 tømde dei fleire bankfilialar for innhald, og ville ikkje eingong investere i minibank for kundane sine. Slik at NOKAS, distrikta sin beste ven, måtte trå til.

Nokså trulaus ven då, for oss som har vore tilvist til deira tenester andre stader i fylket. Minibanken var oftare i ustand, enn i stand. I Askvoll, der vi hadde ein veldriven SSF-filial, har vi no i tillegg til NOKAS ei slags betalingsteneste for «bank i butikk», f.eks. for bankinnskot frå arrangement i lokallag. Det er ikkje butikken si skuld at ikkje alle syns dette fungerer like bra. Mange tek derfor bilen, eller ferje+bil viss dei bur utanbys, til Dale for å ordne forretningar. Slik skubbar banken utgiftene over på kundane.

Ikkje så rart då at Sparebanken Sogn og Fjordane for lengst har oppfylt dei auka krava til eigenkapital og kan donere knappar og glansbilde og nokre toppgevinstar rundt om i fylket. Som den mektige samfunnsaktøren dei er, vil dei også lære oss opp, gjennom eigne kurs, der vi set av tid og krefter til å lage flotte søknader for å få f.eks. kr 5000 til tiltak i det same lokallaget.

Viss dette er samfunnsansvar, er det komme nye nyansar i dette omgrepet som eg ikkje er kjend med. Det eg forstår dei tek ansvar for, er å drive sin eigen butikk.

Artikkeltags