FREMOVER: Det har gått eitt år sidan dei første av dei nye AW101 redningshelikoptera blei tatt i bruk, og dei nye helikoptera har ikkje berre auka rekkevidd og løftekapasitet.
Til Teknisk ukeblad blir det trekt fram at dei har eit nytt system for å kunne søke opp mobiltelefonar. Dette blir sett på som viktig i søk- og redningsarbeidet – og eit verktøy som kan redde liv sjølv når mobiltelefonen er utanfor dekningsområdet.
Dei norske redningshelikoptera har nemleg eit system som heiter «Redstreak Mobile Phone Detection and Location System» (MPDLS).
MPDLS sporar og lokaliserer mobiltelefonar som er utanfor dekning. Det nye redningshelikopteret fungerer dermed som ein flygande basestasjon og kan anten ringe eller sende sms til telefonen, eller finne mobiltelefonen sin posisjon.
Presisjonen for å berekne posisjonen til mobiltelefonen er svært høg, og posisjonen kan vidaresendast frå helikopteret til redningspersonell på bakken eller på havet.
Dei nye redningshelikoptera er allereie etablert i beredskap på Sola, Ørland og Banak. Dei neste basane som får det nye helikopteret er Bodø, Rygge og Florø. Redningshelikopteret AW101 skal vere operativ på alle 330 skvadronen sine seks basar i løpet av sommaren 2023.