Fuglebrett sprengte trommehinna til «Idol»-stjerne

Vegard Leite gjorde stor suksess under «Idol» i 2011, men no må musikkarrieren settast på vent.

Vegard Leite gjorde stor suksess under «Idol» i 2011, men no må musikkarrieren settast på vent. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Vegard Leite måtte trekkje seg frå bandet etter at han fekk problem med høyrselen.

DEL

21 år gamle Vegard Leite frå Værlandet i Askvoll vart for to år sidan kjend etter at han enda på andreplass i «Idol».

Etter det har vi høyrt ganske mykje frå den unge musikaren. No sist saman med Leite And the Music Mafia i Bandwagon-konkurransen til Firda.

Men for ein liten månad sidan kom det melding om at 21-åringen har trekt seg frå bandet.

– Det er på grunn av trøbbel med høyrselen. Eg sprengde ei trommehinne i mai, og har eigentleg ikkje høyrt skikkeleg sidan då, seier Vegard Leite til Firda.

Mista ned fuglebrett

Grunnen til at Leite fekk trøbbel med høyrselen, er at han ein sommardag i mai bestemte seg for å sette opp fuglebrett utanfor huset på Kalandseidet utanfor Bergen.

– Eg dreiv å snikkerte eit fuglebrett, så mista eg ned ein planke. Den landa så flatt på asfalten at det kom eit høgt smell – som var nok til at trommehinna mi sprengde, seier Leite.

Men uflaksen stogga ikkje der.

Leite reiste på legevakta med øyret, men det var så fullt av væske at legen spylte igjennom det.

– Når han spylte igjennom øyret vart det betent, men dette fekk ikkje eg greie på med ein gong – så eg gjekk på jobb som vanleg, seier musikaren.

Jobben han siktar til er som mekanikar på oljeplattforma Statfjord C, og der er vern for høyrselen ein viktig del av uniforma. Då også som doble høyrselsvern, altså både øyreproppar og øyreklokker.

– Når eg hadde vore på jobb nokre dagar byrja det andre øyre å bli betent og. Dette som følgje av at eg hadde brukt øyreproppen litt om kvarandre. Så eg enda opp med å ikkje høyre noko, seier Leite.

Redd karrieren skulle vere over

Høyrselen til spelemannen var så dårleg at på ein undersøking måtte lydar i vanleg høyrselssone skruast opp til 120 decibel før han høyrde dei.

– Eg var redd karrieren skulle vere over. Men eg byrja å gå til ein øyrespesialist. Så no har høyrselen blitt betre, og i periodar er den om lag som normalt. Ifølgje spesialisten skal eg bli nesten heilt god igjen, seier musikaren letta.

Han såg seg likevel nøydd til å trekkje seg får bandet Leite And the Music Mafia, og er usikker på kor tid han kan vere tilbake på scena for fullt.

– Det vart umogleg å øve, for eg høyrde ikkje noko. Så eg måtte berre legge alt vekk ein periode. No har eg i første omgang bestemt meg for å ta fri fram til jul, så får vi sjå om høyrselen er skikkeleg igjen då, seier Leite.

Vil ha musikken som hobby

I perioden etter Idol i 2011 spelte Vegard mykje i lag med onkelen Bård Leite, og lenge var det å satse på musikk den store draumen.

– Eg hadde eit ønskje om å leve av musikk, men no har eg fått ein tryggare jobb som eg trivst veldig godt med og ikkje kjem til å gje slepp på, seier Vegard.

Det betyr ikkje at han har planar om å legge musikken på hylla for godt.

– Det kjem til å vere ein viktig hobby for meg, og eg vil nok bruke mykje av perioden eg har turnusfri på musikk. Eg har blant anna to søstrer som spelar musikk, og kunne tenkt meg å vere med dei i studio. Men det viktigaste no framover er å bli skikkeleg frisk, seier Leite.

Artikkeltags