Rustar opp turstien til «Sognefjorden sitt svar på Preikestolen»

UTSIKT: Etter sju til ni timar på tur, vil denne utsikta møte deg.

UTSIKT: Etter sju til ni timar på tur, vil denne utsikta møte deg. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

BALESTRAND: 250 dugnadstimar og fire sherpaer frå Nepal har fått dei eit stykke på veg, no vil dei ha meir midlar til å fortsette.

DEL

– Vi ønsker å gjere stien meir folkeleg, fortel Einar Inge Målsnes, som har vore prosjektleiar for opprustinga.

Turen går frå Esebotn nede ved fjorden, og opp til Keipen på 1417 meter over havet. Toppen er ikkje heilt ulik Preikestolen, og ein ser rett ned i Sognefjorden om ein tør stikke nasen utfor kanten.

Vert kalla Sognefjorden sitt svar på Preikestolen

– Det var Jørgen Hundseth som fekk prosjektet i gong. Han har stått i spissen for å utvikle stinettet i Balestrand.

Målsnes fortel at når turar til Preikestolen og Trolltunga er så populære, ønskte dei å utbetre stien til Keipen, som Målsnes meiner ligg i same kategori.

– Reiselivet i Balestrand var interesserte, og vi har fått støtte frå mellom anna Visit Sognefjord, kommunen og fylkeskommunen. I tillegg har det lokale næringslivet i Balestrand vore samla om prosjektet, og har gitt god og rimeleg støtte, seier Målsnes.

Leigde inn hjelp frå Nepal

Arbeidet vart starta sommaren 2016, og ein dugnadsgjeng har nytta rundt 250 timar på å fikse stien. Dei har merkt den, rydda der den var attgrodd, og sett opp tau til å halde seg i i bratte område. I tillegg har dei starta arbeidet med å legge om delar av stien, då den gjekk over eit veldig blautt område.

– Vi leigde inn fire sherpaer frå Nepal, som er spesielt gode til å arbeide med stein i bratte parti. Dei har starta å bygge den nye stien gjennom ei steinur. Dei vart flogne opp med helikopter kvar dag i 2,5 veker, slik at dei kunne bruke alle krefter på å bygge sti, fortel Målsnes.

Treng meir midlar for å gjere ferdig

Sherpaene vart i sommar ferdige med to tredelar av arbeidet gjennom steinura. Skal dei gjere ferdig i år, treng dei fleire midlar.

– Vi har søkt om kulturminnemidlar, då delar av stien har murar av stein frå 1885 som vi vil fikse opp. Vi har også søkt om tippemidlar, i tillegg til at reiselivet i Balestrand og kommunen har lagt i litt. Men det er ikkje nok til å leige inn meir hjelp, så vi er spente på å få svar på dei andre søknadane no i løpet av mars, seier Målsnes.

– Men ein kan uansett gå turen opp til Keipen, då den gamle stien er brukbar og merkt, legg han til.

Artikkeltags