Kjartan Lauritzen fekk Balestrandprisen 2017: – Han har sett oss på kartet

FEKK PRIS: Kjartan Lauritzen fekk Balestrandprisen i år. Her fotografert under Hjartebank i Florø.

FEKK PRIS: Kjartan Lauritzen fekk Balestrandprisen i år. Her fotografert under Hjartebank i Florø. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BALESTRAND: – Han har så til dei grader har sett Balestrand på kartet.

DEL

Det seier ordførar Harald Offerdal (Ap). Han delte ut Balestrandprisen under eit kommunestyremøte torsdag.

Og den gjekk til Balestrands-rapparen Per Áki Sigurdsson Kvikne med artistnamnet Kjartan Lauritzen. Grunngjevinga gjekk som følger:

«Årets prisvinnar har dei siste åra gjort ei kometkarriere som åleine gjer han til ein verdig prisvinnar. I tillegg har Per Àki til dei grader klart å setja heimkommunen Balestrand på kartet – ei marknadsføring av Balestrand som me ønskjer å verdsetja.»

Ordførar Offerdal godtar seg av tanken på at fleire hundre tusen har sett vakre Balestrand-motiv i musikkvideoane.

– Han har jo laga videoar i Balestrand både i låtane «Fredag», «Porno» og «Nyte D», der «Fredag» er sett av 329.000 menneske. Og det er vakre naturbilde frå Balestrand i videoane, seier Offerdal.

– Kva synest du om musikken?

– Eg likar ikkje hip hop og rap. Så musikken har eg ikkje sansen for, men eg er stolt og glad på Per og familien sine vegne. Eg har kjent han sidan han var ein knyttneve stor, seier ordføraren.

Rapparen sjølv hadde ikkje høve til å møte, men foreldra kom på kommunestyremøtet og tok imot prisen.

– Veldig hyggeleg, snill kommune, fin bygd, bra folk. Balestrand inspirerer meg! skriv han til Firda.

Les om korleis rappeeventyret til Kjartan Lauritzen blei til:

Per Áki (22) begynte å rappe på tull. Så blei han plutseleg eit fenomen 

Artikkeltags