– Eg hadde sommarfuglar i magen då eg lanserte nettsida, men no gler eg meg berre. Det er lenge sidan eg har vore så spent, seier Randi Sognnæs Aamot frå Kyrkjebø.

1. februar opnar ho eigen tannklinikk i Balestrand. Ho har tatt over lokalet i Holmatunet, der den offentlege klinikken var før. Bygda har vore utan tannklinikk dei siste to åra, fortel tannlegen.

– Næraste privatklinikk blir i Sogndal og på Sande. Eg veit at folk i området også reiser heilt til Førde for å dra til tannlegen, så dette trur eg blir bra, seier ho.

Pause frå tannlege

I mai i fjor flytta Aamot til Balestrand saman med sambuaren Per Áki Sigurdsson Kvikne, også kjent som Kjartan Lauritzen. Då sette ho tannlege-yrket på pause for å vere dagleg leiar på Balestrand hotell, som ho, Per og broren hans Theodor har kjøpt saman.

– Det blir kjekt å gjere noko eg faktisk kan. Eg kunne ingenting om hotelldrift. Det var så mykje forskjellig å sette seg inn og eg gjekk alltid rundt og lurte på kva eg hadde gløymt. Men eg lærte veldig mykje, seier ho.

No er det svigersøstera, Sandra Kvikne, som tar over rolla som dagleg leiar på hotellet.

– Kjem ikkje unna å prate litt om namnet på klinikken, Baletann. Kva er historia bak?

– Det er min tekstforfattar av kjæraste som kom på. Der var han god. Eg lo først litt av det, men det har vokse på meg og det måtte berre bli det.

Namnet har blitt godt motteke, ifølge Aamot.

– Det er mange som har sagt at det er eit godt ordspel. Kjekt at det har slått an. Og så er det også mange som har lagt merke til at vi ser Esefjellet i logoen på tanna. Det må Per også få æra av, seier tannlegen, som fortel at ho har utsikt til fjellet frå klinikken.

Vil tilsette sekretær

Den siste tida har Aamot jobba med å klargjere lokalet for å ta imot pasientar. No begynner ho å komme i mål.

– Heldigvis har det vore tilrettelagt for tannlegeklinikk, der interiør og tannlegestolen har vore inkludert. Eg har berre måla litt og hengt opp nokre bilde, seier ho.

Tidlegare denne veka opna ho for timebestilling, og ho har allereie fått fleire bestillingar.

– Folk har både brukt nettsida, sendt e-post og komme innom medan eg har vore å jobba på lokalet.

Noko som Aamot kjenner litt ekstra på, er å skulle jobbe for seg sjølv. I første omgang blir ho den einaste tilsette, men ho håpar å kunne tilsette ein tannhelsesekretær etter kvart.

– Dette er eg litt spent på. Eg har jo tidlegare jobba på ein stor tannklinikk på Bergen storsenter. Eg er veldig glad i å jobbe med folk, men eg har jo pasientane, så eg blir ikkje heilt åleine, seier ho.

Ho fortel også at lokala på Holmatunet har blitt fylt opp, så det er liv i bygget.

– Det er mykje som skjer her. Kommunen har kome på plass, så eg blir ein del av eit fellesskap, seier ho.