Balejazz 2021, som skulle vare frå 3. til 5. september, er dessverre avlyst. Dette er andre året på rad at koronarestriksjonane har gjort arrangementet umogleg å gjennomføre.

– Eksisterande smittevern- og serveringsreglar gjer at festivalen ikkje kan gjennomførast slik styret i Balejazz ynskjer. Dette beklagar vi, men med betre tider i vente håpar vi å kunne arrangere eit storslått Balejazz 6. til 8. mai 2022, skriv styreleiar Sigurd Kvikne i Balejazz i ei pressemelding.