Fredag klokka 14.09 meldte Alarmsentralen om ein brann i nærleiken av Eidavegen i Bygstad. Eit bål skal ha vore ute av kontroll.
Meldinga kom klokka 13.59, fortel vaktkommandør Helge Lund ved Alarmsentralen.
– Sande stasjon er på veg for å sørge for at brannen ikkje utviklar seg. Det er ein del vind i området, seier han.
Klokka 14.22 melde Alarmsentralen på Twitter at brannen er sløkkt, og at vel 15 x 15 meter er svidd av.
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: [email protected] TLF: 57 83 33 33
TIPS OSS