Torsdag føremiddag vart brannvesenet i Sunnfjord kommune varsla om at badebrygga som vanlegvis ligg på Sanden i Naustdal var på rek ut fjorden mot Florø. Kva den skulle der, er uvisst.
Det fortel fagkoordinator for brannberedskapen Bjørn Atle Berge i Sunnfjord brann og redning til Firda.
– Vi fekk ein telefon om at den var observert rekande ved Holmøyane i Naustdal. Så då reiste vi ut der, og slepte ho attende til ei brygge i Naustdal sentrum, seier Berge.
No skal det sørgast for at den ikkje slit seg igjen.
– Det er greitt å få den sikra til land, slik at den ikkje øydelegg for båttrafikken i området, seier han.

Les også
Fridtjov Urdal må betale bota eller sone i fengsel: – Då tek vi fengsel

Les også
Førde-par gjekk til søksmål mot staten om buplikt: No er dommen klar

Les også