Menneskerettsdomstolen i Strasbourg har avvist saka om den norsk-rumenske foreldreparet som ein dag i 2015 vart fråtekne fem barn av barnevernet i Naustdal.

Dette melder NRK Vestland.

Barnevernet tok dei fem barna på grunn av oppdragarvald, og dei vart plasserte i ulike fosterheimar. Foreldra vart etter kvart tiltalt for oppdragarvald. Etter få månadar fekk foreldra barna tilbake etter ein psykolograpport som kom med kritikk mot det lokale barnevernet.

Foreldra klaga saka til menneskerettsdomstolen i Strasbourg, men dei har avvist klaga. Det grunngir dei fordi saka ikkje har gått gjennom det norske rettssystemet.

I 2017 skulle eigentleg saka opp i Sogn og Fjordane tingrett, men det norsk-rumenske foreldreparet møtte aldri opp i retten.

Les det vi tidlegare har skrive om saka her: